Beredskap

BEREDSKAPSØVINGAR VASSFORSYNING

Vann Vest tilbyr alle eigar kommunane bistand/hjelp til å utarbeide ROS/beredskapsplanar samt å gjennomføre beredskapsøvingar i vassforsyninga slik § 11 i Drikkevassforskrifta sett krav om.

Bakgrunn

I Drikkevassforskrifta §11 gir vassverkseigarar (kommunane/herada/VA verksemder) pålegg om utarbeiding av både beredskapsplanar og at organisasjonen skal vere «øvd» dvs. ha gjennomført beredskapsøvingar. Kommunane/herada/VA verksemdene må difor ta tak i denne utfordringa.

Bistand frå Vann Vest i høve til Beredskap på vassforsyninga. Vann Vest kan bistå eigar kommunane med ROS analysar og utarbeiding av beredskapsplanar. Gjennomgang av hovudplanar, beredskapsplanar og leidningskart dannar grunnlaget for sjølve beredskapsøvinga. Øvinga vil såleis vere tilpassa kvar einskild kommune. På sjølve øvingsdagen stiller Vann Vest med personell som; øvingsleiar og eventuell spelestab.

Forenkla beredskapsøving

Etter nærare avtale kan Vann Vest og bistå med gjennomføring av forenkla beredskapsøving. Vi vil då ta utgangspunkt i meir generelle problemstillingar slik som brann, terrorhandlingar, straumstans etc. Øvingane vil i mindre grad vere tilpassa den einskilde kommune. Vann Vest vil stille med 1 -2 personar på sjølve øvingsdagen.

Avslutning

Om din kommune ynskjer bistand både til å få gjennomført beredskapsøving, men og om kommunen treng hjelp i høve til ROS/beredskap, er det berre å ta kontakt.

Dersom den omtala forenkla beredskapsøvinga er meir aktuell i dykkar kommune, set me pris på ei tilbakemelding om dette.