Kurs mars 2018

Halvdagskurs 6.-7. mars 2018 i Norheimsund, Sandven Hotell

KLORERING AV VASSLEIDNINGAR - INVITASJON

DIHVA IKS vil med dette invitere til temadag/kurs knytt til praktisk klordosering på vassleidningar. Fagdagen blir gjennomført i samarbeid med Driftsassistansen i Telemark og Aust Agder. Kurset (4 timars varigheit) blir gjennomført i Kvam Herad i Hardanger 6 -7(8) mars - oppmøte på Sandven hotell.

DIHVA gjennomførte tilsvarande kurs i juni 2017. Kursa blei raskt oppfylte slik at det ikkje var plass til alle som ønska å delta. Vi har av denne grunn valt å setje opp kursa på ny.

Det begynner med ein times tid med teori rundt klor og utrekning av klormengder. HMS samt aktuelle lovar og reglar som gjeld for handtering av klor, vil også bli gjennomgått.

Etter gjennomgang av aktuell teori, blir det praktiske øvingar ute på ein brannstender , med slangar og klordosering i praksis. Ta med utetøy! Varigheit kl. 8.30 - 12. eller kl. 13 - 16.30. Lunsj blir servert mellom kl 12 - 13.

For at alle skal få høve til aktiv deltaking med spørsmål og delta på praktisk øving, blir det maks 10 deltakarar på kvart kurs. Etter kurset skal deltakarane sjølv kunne gjennomføre klordosering på vassverk og leidningsnett i eigen kommune. Deltaking på kurset kan og reknast som beredskapsøving i naudklorering, noko som Mattilsynet blir stadig meir oppteken av blir gjennomført.

Kostnad for deltaking er sett til kroner 2000,- eks mva inkludert lunsj.

Tidspunktet er 6. og 7 mars - oppmøte på Sandven hotell i Norheimsund. På vedlegget bak er det gitt oversyn på tidspunkta for dei ulike kursa.

Påmelding skal gjerast til Bente Helen Nilsen( e-post) bente@dihva.no /tlf 99274247).

Med helsing

Tobias Dahle
Teknisk sjef

DIHVA IKS