Kloring av vassleidningar

DIHVA IKS har i samarbeid med Driftsassistansen i Telemark og Aust Agder arrangert temadag/kurs knytt til praktisk klordosering på vassleidningar
Kurset har ein varighet på 4 timar og begynner med teori rundt klor og utrekning av klormengder, HMS samt aktuelle lovar og reglar som gjeld for handtering av klor.

Etter gjennomgang av aktuell teori, blir det praktiske øvingar ute på ein brannstender, med slangar og klordosering i praksis.

For at alle skal få høve til aktiv deltaking med spørsmål og delta på praktisk øving, blir det maks 10 deltakarar på kvart kurs. Etter kurset skal deltakarane sjølv kunne gjennomføre klordosering på vassverk og leidningsnett i eigen kommune. Deltaking på kurset kan og reknast som beredskapsøving i naudklorering, noko som Mattilsynet blir stadig meir oppteken av blir gjennomført.

Det er per nå ikke planlagt nytt kurs, men om det er tilstrekkelig interesse for nytt kurs er dette noe vi vil vurdere. Er du interessert i kurs, kontakt Bente på bente@dihva.no.