03.02.2025 av Marianne R. Kramer 0 Kommentarer
Avløpskonferansen Fjell, Fjord og Kyst
Avløpsdirektivet er nå vedteke i EU og vil bli ein del av norsk lovverk.
Minstekravet til reinsing for utslepp over 1000 PE, er sekundærreinsing.
Kjenneteiknet for Vestlandet, Midt Norge og Nord Norge er mange og små anlegg
som vil få auka reinsekrav.
Utfordringane vil bli store.
På konferansen 6 og 7 mai vil vi fokusere på 3 hovudelement:
1. Siste nytt om avløpsdirektivet med synspunkt frå 2 utvalde kommunar om
korleis utfordringane kan løysast
2. Korleis vil leverandørane møte nye krav og kva kan dei tilby av effektive og
standardiserte løysningar.
3. Tiltak og erfaringar for reduksjon av framandvatn
Foredrag og innspel frå konferansen vil bli summert opp av Vann Vest og Driftsassistansen Vest i form av et innspel/merknad til sentrale styresmaktar. Vi vil her peike på utfordringane kommunane i vårt område står framføre i samband med innføring av avløpsdirektivet.
Programmet vil bli sendt ut i første halvdel av mars – hald av datoane.
Vann Vest og Driftsassistansen Vest
Marianne Kramer og Tobias Dahle
Kommentarer